04.08.2017 Vi gratulerer Erika med 3.plass i Verdenscupen i Arizona som gjekk føre seg 28-30.juli 2017. Erika heldt leiinga heile fyrste runden og delar av runde to, så det vart spanande på slutten. Erika seier sjølv at ho er godt nøgd med tredjeplassen, sjølv om det var nære å få fyrsteplass.
📸Bileta er teke av Martin Hemmer/TrialGP
Den fyrste dagen i verdenscupen køyrde Erika inn til ein flott fjerdeplass!
Erika og det norske kvinnelandslaget på 6.plass i verdensmesterskapet!
Den 13.september 2014 var det verdensmesterskap, lag i Andorra. Erika saman med resten av noregs kvinnelandslag kom på ein fantastisk 6.plass. Valldal Trialklubb gratulerer så mykje!
Den 28.september 2012 var det klart for verdensmesterskapsfinale for jentene i Sveits, Moutier. Erika var med saman med tre andre jenter frå Noreg. Vi synest dette var veldig kjekt! Erika gjorde ein solid innsats i sitt første VM og kom på ein 28.plass.