Valldal Trialklubb vart oppretta i 2000 under namnet Norddal Trialklubb. I 2006 skifta vi namn til Valldal Trialklubb og har i dag (2017) 18 aktive køyrarar. I 2010 feira vi 10 års jubileum. Dette gjorde vi blant anna med å samle inn bileter frå dei fyrste åra. I 2011 arrangerte vi vårt fyrste kretsmesterskap, noko vi er svært stolte av.
For å kome seg til Trialbana kan ein fylgje Fv 63 frå Sylte (sentrum) og fram til Holsbrua rett etter brua tek ein inn til høgre på Fv 95, skilta mot Heggen. Følg Fv 95 ca. 750m til du ser eit lite hus på venstre sida, dette er klubbhuset til Valldal Trialklubb. Ein ser også no ein parkeringsplass av grus som vi laga ferdig i 2010/2011.