14.05.2016 14.mai var Kenneth Urke Larsen (Skodje Trial) hos oss og køyrde ei treningsøkt for MR/R - køyrarar, altså grunnleggande køyretrening. Treninga varte heile dagen med grilling og lunsj innimellom. Det var godt oppmøte og god stemning.
Førstehjelpskurs 12.april
17.04.2016 Tysdag 12.april arrangerte Valldal Trialklubb førstehjelpskurs for alle medlemmane sine. Bente Larsen Håvoll tok oss gjennom grunnkurs førstehjelp, med hovudvekt på skader som vi kan kome borti på trialbana. Vi møttes på kraftsenteret og hadde en fin kveld.
Jentesamling 14-16.mai - meld deg på!
20.04.2016 Meld deg på jentesamlinga som skal vere i pinsehelga. Alle jenter i alle aldra er velkomne. Opplysningar om påmelding og anna informasjon kan du finne i invitasjonen til høgre. Påmeldingsfrist 06.mai